Jostein fikser det meste! Her fra Fiksefest på Tveita senter august 2020

– Ein kjøper ikkje ny bil om viskeren begynner å bli slitt!

Jan 21, 2021

Månadens fikser passar på at T-banen i Oslo går som den skal, men hjelper deg gjerne med å fikse støvsugaren eller krølltongen din!

 

Hei Jostein! Korleis har du det?

– Hei! Takk, alt er berre bra med meg. Får håpe det står greit til med resten av flokken vår, og våre to administrative leiarar!

Kan du fortelle litt om kva du gjer til dagleg?

– For tida går arbeidsdagen stort sett med til kabelmontering i T-bane toga våre for å vere i rute til igangsetting av validatorer ombord på vognene. På heimebane går det litt i service av PC, skifte av glas på iPad, skjermer på mobiler, og er i startgropa for montering
av eit 3D LED kube som skal programmerast med Arduino. Må lære meg programmeringsspråket, men loddinga er berre rein moro!

Du var jo med på førre Fiksefest. Korleis synst du det gjekk?

– Ja, eg vart jo med på den festen òg! Forrige Fiksefest på Deichman i Bjørvika vart besøkt av langt fleire enn eg hadde rekna med i ei tid då ein vert oppfordra til å halde seg litt unna andre. Men det gjekk no veldig bra likevel. Eg fekk eit oppdrag som viste seg å ikkje kunne utførast med det utstyret som var tilgjengeleg. Så eg ga eigaren av teiknebrettet eit tilbod om å reparere USB konnektoren med mitt eige utstyr, så det har no fått forlenga livet sitt med fleire år. Det skal vel òg seiast at karen hadde fleire oppdrag til meg, så eg er godt nøgd med kunne hjelpe til med å forlenge levetida til elektronikk!

Ut over det virka det som om mange gjekk glade derifrå med nyreparerte saker. Det skulle vore artig å visst korleis det gjekk med han som kom opp dit med ei diger innebygd kaffemaskin der det viste seg at varmekolba hadde røket!

Det har vært ei god stund mellom Fiksefestene det siste året. Har du fiksa mykje heime?

– Mellom kvar Fiksefest rekk ein jo å få gjort litt forskjellig ugagn! Det har blitt nokre mobiler, ei MacBook, PS4, bilradio og ein del andre greier.

Kvifor valde du å bli fikser?

– Eg rekner med at spørsmålet gjeld som fikser på Fiksefest. Det lokka å møte andre folk med same interesse for duppedingser og korleis å få liv i dei att. På jobben var det litt for lite tekniske utfordringar, så då kunne det vere kjekt å kunne spe på med andre oppgåver. Så den første Fiksefesten eg var med på på Skullerud var mest for å finne ut kva dette var for noko. Det ga meirsmak!

Kva er det som er så kjekt med Fiksefester då?

– Det er jo kjekt å treffe andre som liker å rive ting i filler og få det til å virke! Og så lærer ein av kvarandre. Her møtast folk frå forskjellige fagmiljø, og med det kjem fleire tilnæringar til ymse problemstillingar.

Kva tror du må endre seg for at vi skal nytte tinga våre lengre?

– Ein bevisstgjering må nok til for å snu trenden om bruk og kast. Ikkje minst gjeld det å vise at det faktisk går an å reparere ting som har slutta å virke eller har gått sund. Ein kjøper seg ikkje ny bil om viskeren begynner å bli slitt! Nokre ville kanskje gjort det, men det får bli deira problem. Det kan jo vere vrient nok å finne ein reparatør til ei lampe, støvsuger, krølltang, men der kjem vi inn!

Frå myndigheitene bør det òg leggjast opp til meir gjenbruk av brukbare ting. Før kosta til dømes eit fjernsyn ei lita formue, medan no kan ein få med ein sykkel på kjøpet! På Finn.no ligg det til ein kvar tid ein heil del til dels dyre TVer med defekt skjerm, men å skifte skjerm koster langt meir enn ny TV! Det er jo klart ein heller kjøper ny med endå betre bilete og lyd.

 

Kva er det beste fikse-minnet du kan hugse?

– Mitt beste minne frå Fiksefest..Det kan ha vore ei som kom med ein knust iPhone 6 og ho hadde med eigen skjerm. Det er meir sjeldan!

Og til sist: Gi oss ditt beste fiksetips, som alle kan lære seg?

– Mitt beste tips må vere å ikkje fingre med spenningar og heller ikkje ta på elektronikk som ikkje tåler det. ESD (statisk elektrisitet som blir overført fra én gjenstand til en annenstatisk elektrisitet som blir overført fra én gjenstand til en annenstatisk elektrisitet/støt) har øydelagt mykje for mange, for slike feil kan ligge på lur i månadsvis før det vert ein reell feil. No er det ikkje slik at ein skal bruke ESD-armband ukritisk, for veldig mykje elektronikk tek ikkje skade av den høge statiske spenninga vi ofte er lada med. Dette er ein vurdering ein må ta i kvart enkelt tilfelle.

Ikkje alle bør forsøke å reparere elektronikk, men alle kan lære litt. Ikkje alt kan reddast, men det som vert redda gjer det verdt å forsøke!